tirsdag 8. februar 2011

Kolkata



Vegen til Kolkata skulle gaa svaert smertefritt,iallfall etter vaar plan. Slik vart det ikkje.
Me stod opp klokka 4 paa natta og tusla oss igjennom dei morke og folketomme gaten i Varanasi. Hotellet hadde ordna med skyss til togstasjonen og alt gjekk etter planen. Daa me kom fram til togstasjonen var toget forsinka med 4 timar. Dette tok me med godt humor og bestemte oss for aa reise tilbake til hotellet, slappe av der og ete frukost. Etter dette vendte me atter igjen nasa mot togstasjonen,men daa me kom der var toget forsinka med endaa to timar. Me fann eit turistkontor og plasserte oss i nokon gode stolar, klokka gjekk og me aat kjeks,aat litt til kjeks, las litt bok og endeleg skulle toget gaa,trudde me. Det viste seg at toget no var 11 timar forsinka(tilsaman). Me starta aa lura paa kva som var gale med dette toget og kvifor det var forsinka. Det viste seg at grunnen var, Taaka. Jaja, me vart iallefall godt kjend paa togstasjonen i Varanasi. Men denne histiorien sluttar ikkje der, daa klokka naerma seg 4(altsaa 11 timar etter toget skulle ha gaat) gjekk me endeleg mot perrongen. Etter aa ha snakka med ei haandfull inderar som ikkje kan engelsk,fann me ein som kunne. Ja toget til Kolkata ghekk kanskje fraa denne platformen, me maatte vente aa hoyre paa anlegget.Tida gjekk og Ingvild gjekk for aa snakka med ein ansatt paa stasjonen endaa ein gong. I mellomtida kom ein av inderane me hadde snakka med bort og viste 5 fingrar til Ragnhild.Toget vaart gjekk fraa ein anna perrong enn den me stod paa. Ragnhild starta aa bli bekymra og lurte paa kor Ingvild vart av. Heldigvis fekk ho kontakt med Ingvild og me starta aa springe mot platform nr.5. Daa me kom ned paa perrongen starta toget aa gaa!Hjelp! Litt meir enn middels stressa sprang me mot toget med fulle og tunge sekkar paa ryggen og hoppa paa i fart. Og heldigvis viste det seg at me hadde hoppa paa  riktig vogn.

Me hadde sovekupe og delte ca.4 kvadratmeter saman med to flotte, eldre inderar. Dei tok godt vare paa oss, laaste bagasjen sin saman med vaar, bydde oss paa den heimelaga maten dei hadde med og var gode samtalepartnarar. Den eine av dei var veldig glad i aa snakka og kom med mange svaert filosofiske og fine tankar,heilt til han sovna omlag midt i ein setning og snorka fornoyd. Snorking var ein annan ting desse herrane delte med oss. Eit kor av snorking som gjorde at volumeet paa i-poden vart skrudd opp. Men begge to var nokon ordentlege godbitar og gjorde nestenopp for all ventinga.

Klokka 4 paa morgonen var me framme i Kolkata, me var litt raadville og maate setta oss ned paa stasjonen midt i mellom ein haug sovande inderar. Utan hotellrom bestemte oss for aa dra inn mot sentrum og satse paa at noko var ope. Daa me kom til Sudder street verka alt veldig stengt, men som eit lykketreff motte me ein mann daa me gjekk ut av taxien som tog oss med til eit gjestehus rett ved. Det var heilt ok og me har bestemt oss for aa vere der resten av opphaldet vaart i Kolkata.

Etter aa ha vore i Kolkata i to dagar kjenner me at me paa mange maatar er klar for noko anna. Det var litt rart aa koma hit, igjen til ein storby. Me hadde begge faat smaken paa dei litt mindre byane, men me har likevell hatt mange fine opplevingar her. I gaar motte me Ellen Brekken, som er her i Kolkata paa Jazzcamp saman med andre musikarar fraa Norge. Det var kjempekoselge aa sjaa ho, snakka norsk igjen(med andre) og ho hadde i tillegg med knekkebrod, leverpostei og makrell i tomat! Heilt fantastisk. saa i dag har me hatt eit herremaaltid av ein frukost. Takk, takk Tusen takk Ellen, du er ein godbit. Det satt fart paa to fibertomme, norske magar :)

Me har vore litt turistar, sett VIctoria Memorial, KaliGhat(gudinnetempel) der me hadde litt merkeleg opplevelse og endte opp med velsingningar baade for oss og familiane, dog 500 rupis fattigare. Ete gode Kati roll og Dosa(fantastisk).

Dei neste dagane skal me utforska resten av det Kolkata har aa by paa og om berre 3 daga staar Thailand for tur! Me baade gledar oss og gruar oss. Skal bli veldig fint aa komme dit, mota Ingvild og Henriette o reise paa eventyr med dei. Men samstundes blir det ikkje noko kjekt aa reise fraa India. Me har vorte saa glad i dette landet, kulturen, maten og alt som kjem med. Maten er eit kapittel for seg sjolv og burde eigentleg faa eit heilt innlegg aaleine. Det er fanatstisk mat her nede! saa mange smakar og mat som er laga med kjaerleik, me har iallefall faat eit slags kjaerleiksforhald til maten. Me har snakka om at me gjerne kunne reist vidare og brukt meir tid i dette landet. Saa det spors om me ikkje maa ta turen tilbake(sorry, Vegard), det er saa mykje meir som fristar, saa mange plassar som me kjenner me gaar glipp av, saa mange smakar og inntrykk som gjerne skulle blitt opplevd. Men me er takknemlige for det me har opplevd og kjem til aa leve paa dei inntrykka lenge!





Alt er forsatt bra med oss! Haapar alt er bra heime.
Klem fraa Ingvild og Ragnhild
Kolkata-tips: Et Dosa, nam nam nam!

3 kommentarer:

  1. Hei jenter!
    Eg må sei eg kjenner eit snev av misunnelse når eg les om dykkar fantastiske reise. Spesielt når det er kort mellom haglbygene her heime. Pass på dykk sjølve!!
    Klem fra Bjørg

    SvarSlett
  2. Viss det er slik at du ikkje får med deg Vegard til India Ingvild, så blir eg gjerne reisefølget ditt!

    God tur vidare!

    SvarSlett
  3. Halloen dåke globetrottarar,

    For ei fantastisk reise! Har lest nokre blogginnlegg no, og det virker som om det blir ein tur fyllt av mange sterke inntrykk. Eg knegga godt når eg leste om togventinga - ser lett for meg ei stressa frk. Keilen som ikkje finne Ingvild når toget skal gå frå ein annan perrong:) Og så kult at dåke traff på Ellen!

    Håpe dåke for ein fortsatt flott tur, glede eg meg til bildevising når dåke komme heim.

    Stor klem fra Julie!

    SvarSlett