torsdag 3. februar 2011

The children are so dirty, but their hearts are so clean

Ein av dei viktigaste grunnane til at me ville komma oss tilbake til Delhi etter Agra-turen var at me skulle ha siste dag pa Tresure house saman med ungane paa mandag. Dette hadde me gleda oss veldig til og ville ikkje vere forutan. Formen til Ingvild var heldigvis betre ogsaa.

Me hadde snakka med Stanzin og Rose(dei som jobba der) om at me ville kjopa Pizza og brus til alle ungane. Me var spente paa om alle ungane kom til aa lika pizza,dei fleste hadde nok heilt sikkert ikkje smakt det for. Saa med ein gong me kom paa jobb paa mandag drog me avgaarde for aa handle inn til gildet. Heldigvis var det veldig mange ungar der denne dagen, trur ryktet hadde spreidd seg,tilsaman var me 36 stykk! (teamet fraa Canada var ogsaa der). For mat hadde me ei lita samlig saman med ungane(som me pleier aa ha naar me er der) somg igjennom songane som me har laert dei. Spesielt morosamt syns dei det er med Bogaloo!Saa denne er den store hiten. Etter samlinga fekk ungane ete saa mykje pizza(med kjot) som dei berre ville. Nokon var ikkje overbegeistra, men dei fleste var utruleg glade og aat av hjartas lyst!Hehe. Uansett trur eg det var ei fin oppleving for alle saman og me trur alle syns det var stas aa smaka pizza!
Dagen vart litt kort og rar og me folte at det hadde gaa saa alt for fort. Mange av ungane reiste seg opp aa ville sei nokon ord og takka oss for at me hadde vore der. Det varma veldig! Off, var ikkje noko kjekt aa reise derifraa!

Seinare paa dagen var me invitert paa middag til Victoria og James(dei som driv senteret). Det var veldig koseleg aa bli invitert og aa faa sjaa ein skikkeleg indisk heim. Maten var veldig god syns Ragnhild, Ingvild sin appetitt var fortsatt ikkje paa topp.
Dei var veldig takknemlege baade for at me hadde vore aa hjulpe til paa treasure house og sjolvsagt for pengane som de gir.






Etter aa ha jobba paa TH no i nesten 3 veker var det plutseleg slutt. Det er rart aa tenkje paa at me ikkje skal tilbake og at me ikkje skal sjaa dei igjen. Skulle saa gjerne ha fulgt dei vidare,sett kva framtida bringer for dei.  Me har vorte glade i dei alle og ein mann, baade ungane og Stanzin og Rose. Dei er saa opne og varme mennesker og me er heldige som har faatt lov til aa vere ein del av livet deira desse vekene. Sjolv om det er med tungt hjarta,veldig tungt hjarta at me forlet Treasure house veit me at dei ungane trass alt i sin fattigdom og elendigheit har dette tilbodet aa gaa til. Dei har mogeleheita til aa komma hit,mota fantastiske ansatte som verkeleg gjer sitt alle beste for desse ungane.Dei faar mat, litt skulegang, mogelgheit til aa koma bort i fraa gata og tiggertilveret,om berre for ei lita stund. Det er eit stort lys i morket, eller det vert feil aa seie morket og, for sjolv om me har sett mykje faelt og mange triste skjebnar medan me har jobba her,saa har me sett meir livsglede,latter og smil. Det er nok det som kjem til aa sitte igjen som det storste inntrykket. Ein ting er sikkert, me kjem til aa sakna dei!




Sitat James: The children are so dirty, but their hearts are so clean.

Ingvild og Ragnhild.(her med Rose and Stanzin).

2 kommentarer:

  1. Hei jenter!

    Merke at håra reise seg på armen når eg les innlegga. God tur vidare :)

    Helsing Hedda

    SvarSlett
  2. Det er godt å høre at dere har hatt det så bra på Treasure House, og det er jo også tydelig at dere har gjort en veldig god jobb! Dere er sikkert velkommen igjen..

    Håper Ingvild blir i tipptopp slag og at dere får en spennende og flott tur videre.

    SvarSlett