torsdag 3. februar 2011

Agra og Taj Mahal




Sidan me har vore litt daarlege paa bloggfronten i det siste skal me prova aa koma sterkare tilbake no. Akkurat i dette tidspunkt befinne me oss i den heilage byen Varanasi. Ein spesiell by som me ikkje har sett maken til,men meir om det seinare. No vil me fortelje litt om kva me har gjort for me kom hit. Me har nemleg vore paa helgetur til Agra og sett verdas 7.underverk: Taj Mahal!

Turen starta tidleg fredags morgon og me var veldig spent paa korleis det skulle bli aa reisa med tog i India. Me hadde hoyrt saa mykje,baade positive og negative ting. Og sjolv om mora til Ingvild raada oss sterkt i mot aa ta toget er vaart inntrykk av togsystemet i India er som saa mykje anna her nede, sjolv om det raar kaos er det framleis eit system.Togturen gjekk over all forventning og me kom til Agra i straalande solskinn. Heldigvis for oss motte me ein flott rickshaw-sjaafor med det flotte navnet KiKi. Han klarte aa sjarmere oss og me bestemte oss for aa bli med han paa guida tur i Agra(sidan Taj er stengt fredagar). Det vart ein fin dag. Me fekk sjaa baade mange vakre monument (red fort, baby taj, litt smaatempel, Taj mahal paa avstand fraa mange ulike stader). I tillegg tok han oss med for aa sjaa nokon ting som me heilt klart ikkje ville kunne sett paa eiga hand. For eksempel tog han oss med ned til elvebreidda der mange kvinner og menn vaska klede. Heile elvebreidda var full av kvinner og menn som vaska fargerike toystykker i store behaldarar og sidan la dei til aa torke i sola. Utrulege flotte fargar!

Han tok oss ogsaa med litt utanfor Agra der me sjaa litt av "landsbygda". Ikkje at det vars aa langt utanfor Agra, men det var eit deileg avbrekk og komma ut av byen aa sjaa gronne bakkar og traer.
Kiki var ogsaa veldig opptatt av aa passa paa oss og at me skulle forstaa kva han saa. "When you go in the city, dont talk too anyone,okay?, look independent,okay?,like you've been here a long time,don't talk to the children,okay?" Hehe, ein skikkeleg GODBIT!
Resten av dagen brukte me i Agra, var paa marked og gjekk i kjekke smaa gater,tok masse fine bileter av nydelege mennesker som me motte. Me vart svaert fornoyd med Agra,saalamgt!

Dagen etter vakna me og var veldig spente. I dag var dagen me skulle sjaa Taj Mahal. Me har snakka saa masse om dette og gleda oss,vart forventningane innfridd?
Me stod opp naar det framleis var morkt og maate gaa eit stykke for aa faa tak i billettar,me var kalde,svoltne og i tillegg maatte me staa i ko ei god stund. Men daa me endeleg kom inn igjennom porten og saag Taj mahal i morgonlyset vart alt dette gloymd. Det saag ut som om det flaug paa skyer eller som eit maleri. Det er ikkje vanskeleg aa skjone kvifor dette monumentet er saa kjent!. Etter mange timar med utallige bilder og poseringar kjende me endeleg at me var klare til aa gaa.(det er ikkje lov aa ta m seg mat inn paa Taj omraadet :)).

Uheldigvis vart Ingvild sjuk paa slutten av opphaldet i Agra og vart sengeliggande. Ragnhild maatte taa paa seg sjukepleiarrolla og var veldig god til aa passa paa. Me var usikre paa om me kom oss av gaarde til New Delhi igjen naar me eigentleg hadde planlagt,men heldigvis kom me oss avgaarde. Denne gongen paa 2.klasse paa toget,som ogsaa var ein opplevelse. Begge to var sjeleglad naar me kom inn paa hotellet( Takk for hotell Ginger-tips Torstein,Tusen takk!).

Me hadde ein fin tur,sjolv om det vart ein kjedeleg avsluting. Ingvild skal iallefall aldri ete pa The Park restaurant i Agra igjen og det burde ikkje du heller!

Klem fraa Ingvild og Ragnhild.




3 kommentarer:

  1. Fine jenter og fine klær! Artig å lese ka som skjer med dåkker der nede/borte!

    SvarSlett
  2. Så bra at Ginger-tipset kom til sin rett. :)

    Ellers høres det jo ut som dere fikk mye ut av Agra-oppholdet. Så kjekt med en egen guide som også gir dere tips om hvordan dere skal te dere!

    Flotta bilder, altså!

    SvarSlett
  3. Da der biletet av dåke framfor Taj e heilt villt bra. Namaste og greier. Dåke e kule!!

    SvarSlett