
Paa stasjonen vart me henta av ein rickshaw som Shiva(bestyrar paa hostellet vaart) hadde ordna for oss. me vart koyrt igjennom endaa smalare gater og naar me ikkje trudde det kunne bli smalare,vart det jammen det. Me koyrde igjennom gater fulle av mennesker,kyr,geiter,butikkar,marked,lukter og ulukter. Om me ikkje hadde faat med oss at me var i India,saa gjorde me det jammen no.Etter kvart maate rickshawen stoppa og me fortsatte til fots. Varanasi hadde allereie fasinert oss til det maksimale! Daa me endeleg kom fram til gjestehuset vart me mott av ein smilande mann, Shiva, han forklarte oss mykje nyttig om Varansi, kva som var verdt aa sjaa osv. Rommet vaart var i 5.etasje og daa me opna vindaugene fekk me ei fantastisk utsikt over Varanasi og Ganges! Vart utruleg mykje skryt her no, men det var verkeleg saa fantastisk som det vert beskrevet her!

Boat, Madame? Kanskje den setninga me hoyrde flest gonger medan me var der. Aa ta ein baattur paa ganges er obligatorisk naar ein skal til Varanasi,og dette veit baatmenna. Og alt maset var verkeleg verdt det. Vaar baatmann Baloo tok oss med paa too vakre baatturar der me fekk med oss baade solnedgang og soloppgang,og ja, det var verdt det. Fantastisk!
Me er begge to eininge om at Varanasi har vore den byen me har likt best til no. Sjolv om det heile tida(som overalt i India) er noko som skjer heile tida,kaos,lyd osv. I Varanasi er det og rom for aa slappe av., Og det aa sitte langs Ganges ein sein ettermiddag,ete notter som me har kjopt fraa ein lokal selgar paa gata, kjenne ettermiddagssola varme, snakke med nydelege mennesker, bringe fram gode minner.
Me motte ein mann som lagde floyter, han kunne svaert lite engelsk hadde fillete klaer og saag (som saa mange andre indiske) fattig ut. Men han tok seg tid til aa sette seg ned med oss, og spelte fantastiske vakre melodiar paa floyta si, smilte,lo og hadde glimt auga. Sjolvsagt endte me opp med aa kjopa kvar vaar floyte og mannen som me ikkje trudde kunne smila breiare,gav oss eit smil som var verdt dei 100 rupiane(13 kr) gange 1000 og meir til, som me betalte for dei heimelaga floytene. Det er slike ting som er saa fint med India, heile tider moter ein mennesker som gir saa mykje av seg sjolv. Me kjem til aa sakne dette landet.
I skrivande stund er me komen trygt fram til Kolkata kor me skal tilbringa den siste veka av India-opphaldet vaart, meir om denne byen seinare.Alt er bra med oss, saknar dykk der heime innimellom, men er ikkje klar til aa reise heim endaa.
Klem fraa Ingvild og Ragnhild i Calacalacuttucuttacutta eieeiiii!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar