søndag 27. februar 2011

LUSers in Vietnam

Det var med tunge hjarter me forlot vakre Laos og satte kursen mot Hanoi,Vietnam. Flyturen er det delte meiningar om, ogsaa storleiken paa flyet. Ein kan sei at omlag alle, utanom Ingvild A var fornoyde. Ingvild A var dog storfornoyd etter dei hadde landa. Temperaturen i Vietnam var ein god del kaldare enn kva det var i Laos, saa her maatte me dra fram allversjakkene og ulltroya igjen. Ikkje det at me klagar, det er jo tross alt 33 grader varmare enn kva det er i Norge! Me hadde bestilt hotell paa forehand og tok Taxi fraa flyplassen. Daa taxien stoppa utanfor hotellet, viste det seg at hotellet vaart var stengt. Men utanfor stod det ein mann med navnene vaare som ville ta oss med til eit ann hotell. Litt skeptiske, vart me likevell med han. Heldigvis var det ikkje noko lureri og me var storfornoyde med flott hotellrom og var no klar for aa utforska Hanoi.

Gleden vart desverre kortvarig, daa me oppdaga LUS hjaa Ingvild A og Ragnhild. Ikkje akkurat deilig! Verre vart det daa me ikkje fann lusemiddel. Det verka som om heile Vietnam var tom for akkurat dette og naar damene bak disken lo og kniste medan me fortalte, vart det ikkje betre. Ved hjelp av teikningar og kroppspraak vart det ganske mange komiske samtalar, som me skal spara dykk for. Dagen etter fekk me heldigvis tak i middelet og jakta paa lusekam starta. Me gjekk gatelangs og vart igjen ledd ut av fleire butikkar medan dei heile tida peika i ei retning. Me kjende det som om alle i Hanoi viste at me hadde lus. Til slutt kom til ein butikk der me motte(for ein gong skyld) ei engelskspraakleg dame, ho peika paa ei gamal dame som satt under eit tre. Og ganske riktig ho selde heimelaga lusekammar, saa daa gjekk det 4 smilande jenter mot hotellet ,kor smilene forvann etter 4 hovuder og 4 timar med luseplukking! Men no var heldigvis lusa (forhaapeltelegvis) snart vekke. :)

Dagen etter pakka me lusa i vakuumposar og reiste paa 2-dagars tur til Halong Bay. Me hadde kjopt ei ALt-i-eitt pakka og var spente paa cruiseturen vaar. Halong bay er ei bukt med nesten 2000 oyer som stikk opp i merkelege formasjonar av havet. Cruiset vaart var veldig fint og me vart plassert i flotte lugarar, utsikta derimot saag me ikkje saa mykje til den fyrste dagen, daa det var regn og overskya. Men stemninga var paa topp. Me aat ein fantastisk lunsj paa baaten og reiste ut for aa sjaa paa turen tredje grotte. Denne var ogsaa fin! Etter det fekk me oss ein ein padletur i Kajakk, fantastiske omgivelsar og fantastiske venninner rundt seg.Bedre enn det blir det ikkje. Kvelden vart avslutta med  middag og Karaoke, der Henriette og Ragnhild showa vilt med baade 90 talls-hits og andre godlaatar! Ein herleg kveld!

Dagen etter toppa seg daa me fekk sjaa kokken laga blomar av gronnsaker. Saa om nokon lurer paa korleis det vert gjort er det berre aa sporra. Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!





Bussen tok oss tilbake til hotellet og luseminnene i Hanoi, der me slappa av for me tok nattoet til Hoi an( kor me er no) Innlegg om det kjem seinare!

Me har det veldig bra.
Ein snart lusefri klem fraaa Ingvild A, Ingvild B, Ragnhild og Henriette!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar