tirsdag 25. januar 2011

It is a sunny day!

Sidan sist har det som vanleg skjedd mykje nytt. Dagane gaar saa fort her nede, det er mykje aa sjaa paa og mykje aa fordoye. Me har vore paa flyttefot igjen og i helga har med vore innlosjert paa eit kristent gjestehus. Me fann gjestehuset gjennom gruppa fraa Canada som ogsaa jobbar paa Treasure house(senteret). Dvs at me har vore litt saman med dei i helga. Dei tok oss med paa ei lita frukostsjappe kor ein nydeleg mann serverte ca. 10 mennesker i minutett deilig Chai-te(sot te med masse krydder,sukker og mjolk) og ulike eggerettar og toast. Utruleg kor effektiv det gaar an aa vere. Me har ogsaa vorte kjent med "hovudgata" i nabolaget kor me jobbar, saa no er me paa hels med mange i den gata. Me nevner i fleng: bananmannen, kioskmann(som alltid gir Ingvild gratis godteri) og nokon av gutane paa dei lokale frityrsjappene. Ellers har me vore paa diverse marked, provd aa vere litt turistar og brukt fridagane til aa slappa av.

I gaar(maandag) var me tilbake paa jobb og det var veldig kjekt aa sjaa alle ungane igjen, det var ogsaa nokre nye fjes. Victoria (som er sjefen for dette senteret) var osgaa der og det var kjekt aa mote ho. Ho fortalte litt om historien til Treasure house og om korleis livssituasjonen til ungane paa senteret eigentleg er. Ho fortalte at i starten naar dei byrja aa hjelpa gatebarn oppsokte dei ungane paa gata der dei var. Dei hadde med seg botter med mat og vatn og gav dei hjelpa dei trong. Etterkvart fekk ho ideen om aa starta eit senter som ungane kunne sove om nettene og faa mat og skule om dagen. Dette vart etterkvart vanskeleg aa gjennomfore baade paa grunn av mangel paa lokaler, soveplassar(faa ungar som kunne sove der om gongen) og ansatte. Dei bestemte seg for aa berre starte eit dagsenter i staden, slik at fleire ungar kunne komme osv. Daa dette var bestemt maatte dei starte aa finne lokaler, det skulle vise seg aa vere vanskeleg. Victoria fortel at inderer(sjolvsagt ikkje alle) er negative til aa hjelpe gatebarn og at dei ikkje vil leige ut til slike typar foretak. Gatebarn vert sett paa som skitne og uoppdragne. Etterkvart og etter mykje press fann dei endeleg lokala dei er i no. I starten maatte dei gaa ut aa sporra ungane om dei ville vere med til senteret, men no kjem ungane av seg sjolv og naar dei sjolv ynskjer.

Victoria seier at det er mange ting som gjer det vanskeleg aa hjelpa desse ungane. Dei fleste av foreldra tjenar pengar ved aa tigge og ungane er ein viktig del av dette. I starten pleide dei aa gi ungane reine klaer naar dei kom paa senteret, dette maatte dei slutte med daa foreldra enten solgte desse kledna eller dei kom attende fillete og skitne. Foreldra vil at ungane skal sjaa skitne og fattige ut, jo skitnare jo bedre. Difor faar ungane paa seg reine klaer kun naar dei er paa senteret og byter tilbake til sine eigne naar dei gaar att.
I tillegg til dette senteret er det ogsaa to andre slumsenter som Victoria og mannen James driv. Paa sentera i slummen har ungane og foreldra det betre okonomisk, foreldra har smaa, men faste inntekter og ungane er reinare og gaar ofte paa skule i tillegg. Senteret som me jobbar paa er for dei fattigaste av dei fattige.

Det var veldig kjekt aa fortelje Victoria at me har samla inn den nette sum av 13000 norske kroner. Me fortalte at dette var pengar som familie og vener heime i Norge har gitt til senteret. I dag fekk me ogsaa vite at "Romjulskonserten" i Rosendal(som Ragnhild har vore med paa) vil stotta oss med overskotet fraa tidlegare konsert, dette er utruleg bra og me gledar oss til aa fortelje Victoria om det. Ho var utruleg glad og takknemlig og kom med ein gong med mange forslag til kva pengane kunne bli brukt til. Det fyrste og kanskje beste er aa forbetra kosthaldet til ungane ved aa tilfoya kjot til maten dei faar paa senteret. Mangen av ungane er som sagt underernaerte og vil ha god nytte av dette. I tillegg er det fint at pengane kan bli brukt til noko langsiktig. I tillegg til det trengs det ein del fornyingar paa senteret, baade varmtvasstank og tepper,klaer og anna. Pengane kjem til aa gjere god nytte, ned til siste ore. Victoria skal sende oss mail med bileter og fortelje om kva dei brukar pengane paa, slik forsikrar me at pengane vert brukt til det dei skal.

Me fekk beskjed om at senteret er stengt tirsdag og onsdag denne veka, noko me syns var veldig trist. Dette betyr mindre tid saman med ungane. Heldigvis kunne me jobba paa maandag og. Me er invitert paa middag til Vicoria og James paa mandag, det vert koseleg. Ellers saa skal me til Agra i helga. Taj Mahal staar for tur og me er veldig spente. Skal bli moro aa prova ut tog  India. Dette skal me koma tilbake til seinare.

Me har det fortsatt veldig bra.
Klem Ingvild og Ragnhild

Igjen, det indiske nettet er ikkje vaar venn naar det gjeld aa legge inn bileter. Men skal prove aa faa det til i morgon, me har saa mange fine me vil vise dykk og me veit om ein plass her i Delhi kor det gaar. :)










5 kommentarer:

  1. 13000! Fantastisk!
    Klem, Helga

    SvarSlett
  2. Spennende å høre om hva som skjer i India og interessant å høre bakgrunnen for senteret og hvordan det fungerer. Så flott at dere skal gi penger til senteret! Det kommer nok veldig godt med.
    Dere må ha en riktig god tur til Agra. Taj Mahal er jo et must å få med seg!

    SvarSlett
  3. Så morsomt å følge med. Er det sånn at gatebarna tilhører paria-kasten, siden de blir sett på som skitne og uoppdragne? Jeg mener å ha hørt at de fleste som bor på gata i India tilhører de "untouchable".

    Hilsen Andreas på Munkerud

    SvarSlett
  4. Det veit eg ikkje noko om. Sidan sjolve senteret me jobba paa var kristent, snakka me ikkje saa mykje om slike ting. :)

    SvarSlett