lørdag 15. januar 2011

Dididididi!

No har me vore i India i 4 dagar allreie og inntrykka er mange. Kvardagslivet harsaa vidt starta aa snika seg inn paa oss, men likevell vert me stadig vekk overraska over ting me ser og opplever. Spesielt moro har det vore vore aa kjoyra Auto-Rickshaw, som det saag paa bileta paa forrige innlegg, litt skummelt i starten, men etterkvart utrulig praktisk og kjekt. Auto Richshaw er ein liten tre-hjulsmoped som det fins omlag ein million av her. Det er ogsaa ganske utruleg kor mange ein faar plass til i breidden paa ein vanleg veg. Trafikken her er ogsaa eit kapittel for seg sjolv, dei koyre rett og slett som galne. Men me har ikkje sett nokon ulykker endaa og faar berre stola paa at dei ikkje vil oydelegga bilane sine.

I gaar var det fyrste dag paa jobb som frivillige paa senteret. Me var utruleg spente, baade paa sjolve senteret, ungane og dei andre som jobba der. Dagen starta tidleg og me fann ein taxi som koyrde oss til eit hotell i naerleiken av der me skulle jobba,trudde me. Me ringde Victoria og fekk beskjed at me skulle gaa utanfor aa venta, det gjorde me, venta og venta. Til slutt ringt ho opp att og me fann ut at taxisjaaforen hadde koyrt oss til eit hotell paa ei heilt anna sida av byen. Daa maatte me pa inn i ein ny taxi og kom daa fram til rette hotellet der me motte Stanzin, som driv senteret. Me gjekk saman med ho bortover gata og saa vidare inn i eit slags "smug", vidare gjekk me opp tre etasjer med trapper. Paa ve oppover i trappene motte me tre smaa unga, sikkert i 3-4 aars alderen, skitne, men smilande. Stanzin fortalte at dette var nokon av ungane fraa senteret. Daa me kom inn i rommet som fungere som lokalet for dette senteret var den fyrste tanken som slo oss at det er stort behov for pengane som de og me gir. Rommet er heilt greit, men slitt og er ikkje saa veldig velutstyrt. Rundt oss spring det rundt 15 ungar i alderen fraa 2-12 aar. Naar ungane kjem om morgonen faar dei ein dusj paa senteret, dei kler av seg klaerna sine og vel saa nye og reine klaer fraa ei eske som senteret har. Etter det hjelpe me dei med tannpuss, ansiktskrem og haarolje. Mange av gutane brukar god tid naar dei ordnar seg framfore speilet. Etter det faar ungane servert te og kjeks for det brakar laus med bonn og aktivitetar.Senteret er drevet av ein kristen organisasjon.  Det er aktivitetane me skal staa for, samt hjelpa til med alle dei andre oppgaavene(vaska barn, kle paa dei, leika med dei, kosa med dei og laga mat).

Paa senteret jobbar det ogsaa ei gruppe med Kanadiere, to jenter og to gutar. Det er kjekt aa ha nokon andre aa snakka med og dele erfaringar med. Aktivitetane med barna er stort sett ulike former for songar, dansar, fortellingar og drama. Me skal forebu litt forskjellige leikar til maandag, det vert spennande. Etter aktivitetane er det mat, maten vert laga paa senteret og i gaar var det ris og ein saus med litt gronnsaker i. Naar ungane har ete vert dei plassert framfore TV'n(dette er kanskje det einaste som kan minna litt om norsk kultur) , medan dei vaksne et. Saa er det tid for forskule. Stanzin delte ungane inn i smaa grupper slik at alle, inkludert oss fekk 2-3 ungar som me skulle laere alfabetet eller matte. Litt av ein utfordring naar ingen av ungane snakkar engelsk eller har gaatt paa skule. Det er ogsaa veldig ulikt kor mykje ungane kan fraa for, men dei fleste er ivrige etter aa laere. Naar ungane leikar med oss ropar dei: dididididi!

Det er utruleg rorande aa vere i lag med desse ungane.Me vart fortalt at dei fleste har foreldre, men at foreldra ikkje har ordentlege jobbar eller er alkoholikarar, slik at dei ikkje klarar aa ta vare paa ungane. Klearne ungane gaar med er veldig skitne og luktar av royk og baal. Naar ungane gaar i fraa senteret ca. kl.14.00 tar dei paa seg desse skitne fillene og slippersane sine(for dei som har det) og gaar ut igjen paa gata og tiggar. Me vart fortalt at det er foreldra som sender dei ut for aa tigga og at pengane som oftast ikkje gaar til ungane. Dei fleste av ungane sov ute paa gata og har ikkje tak over hovudet. Det er heilt ubeskriveleg vondt aa staa der aa sei hadet til desse ungane som ein har jobba saa tett saman med ein heil dag, leika med og kosa med. For saa aa vita at dei skal tilbringa heile helga(senteret er stengt laurdag og sondag) ute. Det er ogsaa ganske kaldt i Delhi, om nettene er temperaturen heilt ned i 6-10 grader. Det var ikkje med lett hjarte at me dro fraa senteret i gaar. Samstundes er det godt aa vite at desse ungane har eit senter aa gaa til. Me er iallefall utruleg takknemlige for aa kunne vere her og gjera dette arbeidet. Me skal fortelja meir seinare.

Me har det veldig bra.I dag har me kjopt oss indiske kle. Haapar alt staar bra til heime i Norge.
Me bloggast!
Ingvild og Ragnhild.

4 kommentarer:

  1. Det er godt å høre at dere har funnet dere til rette, selv om det kan være en utfordring i et så annerledes land. Det høres ut som dere absolutt kan ha noe å bidra med på senteret. Vi vil se bilde av dere i indiske klær!

    Didi er nok et ganske vanlig ord å høre, ja. Det er en slags betegnelse på storesøster, og det kan godt være at dere også vil få høre Ingvild-didi og Ragnhild-didi, hvis dere blir godt kjent. De litt eldre kvinnene blir gjerne kalt aunti, som tante altså.
    Hvis jeg husker rett, tror jeg også baja er betegnelse på lillebror og bahin er lillesøster.
    Og etter at kvinner har blitt mødre, går de gjerne under navnet: mora til ..... for eksempel Ingvild ki mami (eller noe sånt)

    SvarSlett
  2. Skönt att läsa att ni är framme och har det bra. Kan tänka mig att de är massor med intryck hela tiden! Vi vill se bilder på er i era indiska kläder. ta hand om er! kram från sofia

    SvarSlett
  3. Hei Ingvild ++
    Godt å høre at dere er vel fremme og allerede har kommet i arbeid. Vi synes dere er modige og gode som tar en slik utfordring. Dere er flinke til å formidle inntrykkene av lukter og kaos og vi forstår at dette er annerledes - på alle måter. Så vakre barna er... vi får jo lyst til å komme ned og jobbe vi også!
    Her går livet sin gang med snø og slaps, rundt null grader og speilglatt, altså ingenting å savne værmessig - men ellers har vi det bra:)
    Vi gleder oss å til å følge bloggen videre. Stå på - dere gjør en kjempejobb!
    Klem fra Thorbjørn og Sissel

    SvarSlett
  4. Så godt å høre at dere er vel fremme og godt i gang allerede. Dere gjør en kjempe god jobb er jeg sikker på. Ingvild, dumt jeg ikke fikk vært med på avslutningsfesten din, men jeg feirer heller din hjemkomst.
    Barna kommer til å elske deg Inga. Du får lære dem noen av musikklekene (kanskje "her er godt å være?". Ta godt vare på hverandre og dere selv oppi alle inntrykk.

    Stor klem fra Ane

    SvarSlett