onsdag 19. januar 2011

Sterke opplevingar

Sidan sist har me, tru det eller ei, opplevd mykje nytt. Me har for det fyrste skifta hotell. No bur me paa Youth hostel, noko me i utgangspunktet tenkte kom til aa bli moro. Me trudde det var store sjansar for aa mote paa andre backpackarar eller andre "ungdommar" paa reis. Men den gong ei, det er nesten som om me bur aaleine i den store murbygningen, men i gaar saag me tilsaman 4 andre bebuarar. I tillegg er det ganske langt aa reise til dit me jobbar, saa opphaldet der vert kortvarig, sjolv om me faar servert omelett av nokon sote menn kvara dag. Etterkvart haapar me at me kan bu paa same plass som gjengen i fraa Canada som jobbar annankvar dag paa senteret saman med oss.

Me har ogsaa vore skikkelege turistar og faat med oss litt av det som Delhi kan by paa. Me var og saag paa eit Ba'hai tempel, forma som ein svaer lotusblome, veldig fin. Me har sett India gate, der me opplevde aa bli storre attraksjon enn sjolve attraksjonen me var og saag paa. Mange skulegutar flokka seg rundt oss og spurte fint om aa ta bilete saman med oss. Veldig sjarmerande, men etterkvart litt slitsamt. Ellers har me vorte litt betre kjend med byen og kulturen. Og i utgangspunktet kjenner me oss svaert trygge her, etter reiseguidebokenes advarslar om lureri og tjuveri oppleve me Indera som veldig hjelpsame og vennlege. Men me skal ikkje bli dumsnille av den grunn.

Maandag var fyrste skikkelege arbeidsdag og den vart veldig spesiell. Naar me kom paa morgonen var det omlag ingen ungar som var kome endaa, kanskje 6-7 stykker. Me tenkte det kom til aa bli ein roleg dag. Men etterkvart straude det paa med ungar og me kjende igjen mange kjente fjes fraa fredag, men ogsaa nokre nye. Ingvild fekk ansvar for aa dusje. Dei fleste av jentene var for det fyrste veldig underernaerte og spinkle, med saar og arr paa dei smaa kroppane sine. Dei var ogsaa utruleg skitne. Naar ein ser paa bileta av ungane kan ein sjaa at dei er skitne, men at det var saa ille viste me ikkje. Naar me helte vatn over haaret til nokre av jentene var vatnet som rant ned i sluken svart som kol. Dei smaa hendene og fotene skifta fraa morkebrune til lys brun etter me skrubba dei med saape og vatn og ein kunne sjaa kor godt det var for dei iskalde kroppande aa faa varmt vatn paa seg. Ragnhild hjalp ungane med aa finna reine kle etter at dei hadde dusja og me vart sjokkert over aa oppdaga at ei av dei minste jentene hadde paa seg ei bukse full av avforing, spesielt ille blir det naar ein tenker paa at ungane kler paa seg dei same klaerna som dei hadde paa seg naar dei gaar. Denne same vesle jenta ser ut som ho er 2 aar, men me vart fortalt at ho er naermare 4.

Daa ungane var ferdig vaska og det tid for Chai-te var nokon av ungane ganske ville og sprang rundt og slaass med kvarandre. Stanzin roa dei ned og fekk sei til aa setje seg ned. Plutseleg var det ein av gutane som fall om. Stanzin provde aa vekka han, men har reagerte ikkje. Dei andre ungane forklarte at han hadde tatt dop og at det var derfor han "sov". Me vart sjokkert! Denne vesle guten paa ca 11 aar hadde tatt narkotika. Dei andre ungane sa at ein av dei andre gutane ogsaa hadde gjort det same og han verka paaverka av noko og berre lo naar han vart snakka til. Guten som fall om starta og kaste opp, for han fall om igjen. Me fekk han opp paa beina og provde aa gi han vatn, saa tok me han med ut paa verandaen slik at han skulle faa seg litt luft. Etter kvart kvikna han litt til og me vart igjen sjokkert av aa sjaa at guten(som heitte Shiva) stakk fingrane i halsen for aa bli kvitt rusen. Ungane paa den alderen skal ikkje vite slike ting. Me var bekymra fro at dei andre ungane paa senteret skulle bli redde naar dei saag han slik, men dei reagerte med aa le og det verka som om dette var ein del av kvardagen. Huff! Stanzin kom ut paa verandaen saman med oss og la hendene paa Shiva og ba ei bonn, det var saa utruleg sterkt aa sitje der saman med denne vesle guten og med Stanzin og hoyre henne be. Me bar Shiva inn slik at han fekk sove av seg rusen. Stanzin fortalte at mange av ungane sniffar, men at dei har provd aa gjere det klart at dei ikje faar koma paa senteret rusa og at det ikkje er bra aa rusa seg. LIkevell er det mange som gjer det og dei sniffar baade lim, neglelakkfjernar, maling og andre ting dei finn. Faar vondt naar me tenkjer paa at dei gjer dette mot seg sjolve.

Den forste dagen paa jobb vart altsaa ganske heavy og det var mykje aa fordoye og aa tenkje paa. Men uansett kor vanskeleg det er aa godta er dette slik kvardagen og livet er for desse ungane. Dette gjer at ein igjen tenkjer paa kor utruleg heldige me er i Norge og samstundes saa heldige me er som faar gjere denne jobben. Me har vorte saa glad i desse ungane allereie.

I natt vaakna me av noko uvanleg: Jordskjelv. Men ta det med ro. Me har det bra, sjolv om opplevinga var ganske ekkel. Ingen av oss har opplevd noko slikt for. Det viser seg at jordskjelvet hadde senter i Pakistan. Ragnhild som fortsatt var litt i halvsovna spurte Ingvild: "Du, riste senga di og?" Haha! Men altsaa me er i godt behold.

Denne gongen vert det ingen bileter, men me skal koma sterkt attende paa den fronten seinare.
Namaste(hadet
Klem fraa Ingvild og Ragnhild.

4 kommentarer:

  1. Hallo Ingvild!

    Moro å se at dere er igang. Fy flate så mye tekst dere klarer å produsere på så kort tid.
    Lykke til videre.

    Hilsen Andreas

    SvarSlett
  2. Hei Ingvild, jeg vil også ut å reise! Klarer nesten ikke å lese blogger fra folk som er i utlandet, for da vil jeg også bare ut! Men, får heller glede meg over andre!
    Så, spennende å lese fra bloggen deres!
    Ha en god tur videre, og legg ut masse bilder!
    Ellen

    SvarSlett
  3. Hei hei,
    ja her er det storproduksjon! Er saa mange inntrykk at det er godt aa faa det ut (skriftlig).

    Kjekt at de kommentere! :)
    Ingvild

    SvarSlett
  4. Hei Ingvild. Eg blir så utruleg lei meg når eg les om oppvekstvilkåra for ungane som er innom senteret. Senteret må likevel vera eit lystpunkt i ein ellers veldig trasig kvardag. Kjempejobb du er med på Ingvild. Stolt av deg.
    Helsing tante Anita

    SvarSlett