torsdag 13. januar 2011

"In India we like to talk to strangers"

Daa er me endeleg framme i Delhi, India og kva skal me sei? Det er vanskeleg aa beskriva dette landet med ord, ein maa nesten sjaa det med eigne auger. Det er saa mange inntrykk og kjensler etter berre eit par dagar, og det er vanskeleg aa vite kor ein skal starte aa fortelle.

Paa vegen fraa flyplassen og inn til byen vart me sittande heilt stille aa berre sjaa ut, ta til oss alle inntrykk medan taxisjaaforen hoyrde paa Bollywood-musikk paa full guffe i bakgrunnen. Heilt ut av ein anna verden. Me vart mott av gatebarn som slo hendene paa ruta og saag paa oss med bedande auger, mennesker som bur i smaa skur heilt ved sida av hovudvegen, mennesker som et,sov,tisse,baesje og alt anna ein kan tenkja seg rett framfore alle som vil sjaa. Og saa er det lukta, eller alle luktene. Det er lukta av mat, roykelse, forurensning, mennesker, fattigdom, blomar, skitt og parfyme.

Ellers har me funne ut at me for forskjellige grunnar er veldig populaere her i Delhi. Kor me enn gaar er det folk som vil snakka med oss,"hjelpa" oss aa finna eit reisebyraa som kan gi oss den beste prisen eller det beste hotellet. Og me skjonner sjolvsagt at dei spor oss, me er rike vestlege jenter og dei ser sitt snitt til aa tjene pengar, men det startar aa bli litt slitsamt og me har tatt paa oss strengemaska og gaar veldig maalretta sjolv me ikkje alltid veit kor me skal. Me har ogsaa mott nokon veldig koselege Inderer som har hjulpe oss mykje og me har hatt morsomme samtalar med. I dag motte me to indiske bankmenn som tok kontakt med oss fordi dei syns det var saa fint med blaae auger. Sitat: "You have blue eyes, like a cat, very nice!" Saa slik starta den samtalen. Han forklarte oss ogsaa at i India "we like to talk to strangers".

Me har faat hoyre at ein treng eit par dagar til aa bli van med India, bli van med kaoset. Men me har det veldig bra! Hotellet me bur paa er fint, men ligg kanskje ikkje i det beste stroket. I gaar naar me skulle ut aa eta middag, gjekk me ut paa gata for saa aa snu og gaa tilbake til hotellet. Hotellet vaart ligg rett ved sida av New Delhi railway station og det vart litt vell mykje mennesker rundt oss(me kom oss ut til slutt altsaa :)). I dag har me vorte litt meir kjent med byen og i morgon startar me aa jobbe paa senteret. Det blir spennande og me gledar oss til aa sjaa korleis det er.

Har ikkje faat tatt saa mange bilder endaa, men her kjem nokon faa:




Haapar alt staar bra til med dykk der heime.
Me bloggast
Klem fraa Ingvild Og Ragnhild.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar